Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. desember 2019
Ytre Sogn 14. desember 2019

Fylkesdirektøren for opplæring og kompetanse går inn for å flytte tilbodet om vg2 frå Høyanger (biletet) til Eid.

Fylkesdirektøren vil flytte vg2 frisør frå Høyanger til Eid

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 21. november 2019

I tilrådinga si til Hovudutval for opplæring og kompetanse i Vestland fylkeskommune går fylkesdirektør Bjørn Lyngedal inn for å flytte vg2 frisør frå Høyanger til Eid.

Det gjer han i samband med at hovudutvalet skal ta stilling til opplæringstilbodet for skuleåret 2020-21.

– Elevtalet ved vg2 frisør har vore svært lågt over mange år. Skulen har peika på at det er svært krevjande å rekruttere til eit programområde på vg2 utan vg1-tilbod ved same skulen. Det er fylkesdirektøren samd i, men søkinga til utdanningsprogrammet gir ikkje grunnlag for etablering av vg1 ved fleire skular, skriv fylkesdirektør Bjørn Lyngedal i Vestland fylkeskommune i tilrådinga si til hovudutvalet, som har møte 2. desember.

Fylkesdirektøren meiner at dersom ein skal teste ut om tilbodet kan få større søking, er alternativet å flytte tilbodet frå Høyanger vidaregåande skule til Eid vidaregåande skule, der vg1-tilbodet ligg.

– Alternativet er å ikkje ha eit tilbod i Sogn og Fjordane, påpeikar Lyngedal.

– Flytting skal ikkje medføre bygningsmessige tilpassingar før ein veit over tid at det er grunnlag for eit tilbod. Det føreset at skulen finn eigna leigde lokale og nyttar utstyr som i dag finst på Høyanger vidaregåande skule, legg han til.

Dei to andre skulane i Vestland fylkeskommune som vil ha tilbod om vg2 frisør neste skuleår er – om fylkesdirektøren får det som han vil – Årstad videregående skole i Bergen og Voss vidaregåande skule.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord