Full pott for handball-damene


Høyang gjekk opp på andreplass bak Jotun etter storsigeren borte mot Sogndal 2. Høyang og Jotun har vunne alle sine fire første kampar og toppar med 8 poeng kvar. Sluttresultatet mot Sogndal 2 vart 14-27. Til pause var stillinga 7-13.

Hurtig lag -Vi møtte eit hurtig lag med stort tempo og hadde problem med å kontre på dei. Spelarane våre måtte venne seg til tempoet Sogndal 2 hadde før vi sakte men sikkert klarte å bryte spelet deira ned, seier trenar Roy Arve Ørnehaug.

-Vi spelte godt i forsvar og dei fleste skota deira gjekk i blokka eller to meter over mål. Eg er veldig godt nøgd med måten jentene løyser oppgåvene på. Maskineriet går og dei malar motstandarane saman. Alle spelarane våre skåra, og med berre sju baklengs i kvar omgang vart det etterkvart ein stor siger. Vi slo dei på kvalitet, seier han, og rosar spelarane.

Les meir i Ytre Sogn fredag

-Vi spelte godt i forsvar og dei fleste skota deira gjekk i blokka eller to meter over mål, seier trenar Roy Arve Ørnehaug. (Foto: Siv Anita Gudvangen)