Full fart med olabil


– Det var verkeleg fart på dei heimelaga bilane under årets olabil-løp i Lavik, seier Høyanger- ordførar Petter Sortland til Ytre Sogn.

I varmt og godt sommarvêr hadde folk samla seg til torgdag i Lavik sentrum laurdag. Her var det salsboder med mange ulike produkt, frå flotte figurar i tre, til sylta plommer. I tillegg var det aktivitetar som hestekøyring, ansiktsmaling, hoppeslott og mykje anna moro.

Olabil-løpet som i år vart arrangert for fjerde gong har blitt ein veldig populær del av torgdagen. Det var ordførar Petter Sortland som hadde fått det ærefulle oppdraget med å opne løpet, som i år hadde ni deltakarar på startstreken.

– Du er jo veldig interessert i bil. Har du nokon gong hatt ein olabil?

– Nei, det har eg faktisk ikkje, og det er eigentleg litt rart når eg tenker over det. For der eg vaks opp var det utruleg fine bakkar som hadde vore perfekte for køyring med olabil. Men eg er veldig imponert over dei tøffe bilane som skal vere med her i dag, seier han til Ytre Sogn.

Årets deltakarar kom alle i mål på raske tider, og det var få sekund som skilte dei. Vinnar vart Tobias i Team Lund med tida 18:47. Han fortalde før løpet at han hadde trua på at dette kom til å gå veldig bra. Og han var svært nøgd med første plassen i det som vart eit veldig spennande løp.

Les meir i papirutgåva tysdag!