Fryktar for integreringa


– Det norske asylinstituttet slik vi kjenner det vil forsvinne. Det vil ikkje minst integreringa lide under, meiner Atle Heggø, styremedlem i Norsk foreining for asyltilsette.

Han har sjølv vore tilsett ved Høyanger statlig mottok sidan oppstarten for snart tre år sidan, og vart råka då UDI i mai i år bestemte at det skulle leggjast ned, til liks med fleire andre mottak i Sogn og Fjordane det siste året, blant anna i Leirvik, Vadheim, Sørbøvåg og Vassenden. No i august varsla UDI fleire nedleggingar som følgje av låg tilstrøyming av flyktningar, blant anna på Skei.

>Del av lokalsamfunnet

Heggø legg ikkje skjul på at han er kritisk til det som no skjer. – Eg er redd for at det betyr endringar i asylinstituttet slik vi kjenner det, og at mindre mottak som det vi hadde i Høyanger vil forsvinne. I staden går det mot færre og større mottak, på nokre få plassar.

Eg trur at det er vegen det no går, sjølv om UDI hevdar at det ikkje er tilfelle. Men så har dei heller ikkje så mykje dei skal ha sagt, anna enn å følgje instruksane departementet - det vil seie regjeringa - gir, seier Atle Heggø, som er styremedlem i Norsk foreining for asyltilsette, til Ytre Sogn.

Han meiner at dette vil få store konsekvensar, blant anna når det gjeld integrering, og trekk fram teltleir på Råde med fleire tusen mottaksplassar som døme. Det er i store mottak at ein kan finne grobotn for radikalisering, påpeikar han.
- I Høyanger hadde vi eit mindre, desentralisert mottak med 150 plassar, der asylsøkjarane var fordelt mellom hus i vanlege buområde rundt om i tettstaden. Det innebar at dei raskt fekk kontakt med fastbuande, og dermed kjensle av å vere del av lokalsamfunnet. Det er viktig, seier Heggø.

Som driftsleiar ved mottaket var han ein av dei som hadde tettast kontakt med asylsøkjarane, ettersom han stadig var rundt og hjalp dei med ulike praktiske gjeremål.

– Så eg veit kva ei slik buform har å seie, seier han.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!