Frustrasjon blant bønder i Ytre Sogn og Sunnfjord


"Frustrasjonen hjå våre medlemmar og andre med dyr på beite i Ytre Sogn og Sunnfjord er stor" skriv leiar Marcus Neven i Sogn og Fjordane Bonde- og Småbrukarlag i innlegget sitt.

I ei årrekkje har det vore ulv i Ytre Sogn og Sunnfjord. Ulven har vore der så lenge at den har nådd å verte mediakjendis. Sjølv om ulv er flotte dyr, ligg problemet i at ulv ved sida av viltlevande dyr, i beiteperioden også stressar og drep husdyr. Fordi heile Sogn og Fjordane ligg i såkalla «prioritert beiteområde» har styresmaktene i tråd med stortingets rovviltforlik sett i gang tiltak med mål om å felle ulven i Ytre Sogn og Sunnfjord - til no utan resultat.


Frustrasjonen hjå våre medlemmar og andre med dyr på beite i Ytre Sogn og Sunnfjord er stor og samansett. Det er krevjande å skaffe nok bevis for å kunne dokumentere – og bli trudd av styresmakta, når det gjeld observasjonar av rovdyr. Det er frustrerande makteslaust å måtte konstatere att dyr ein har sleppt på beite i såkalla «prioritert beiteområde» er drepne av rovdyr som jf. stortingets rovdyrforlik; «ikkje skal opphalde seg i området». 



I tillegg vert husdyr som ikkje er drepne eller skada jaga langt ut av sitt ordinære beiteområde – noko som krev ein solid ekstra innsats for å finne att desse dyra. Både for dei husdyrprodusentar som allereie er ramma og dei som framleis ikkje er ramma er det frustrerande å ikkje kunne vere trygge på at styresmaktene er i stand til å handheve regulering av rovdyr, jf. stortingets rovviltforlik.



Frustrasjonen blir heller ikkje mindre av at det snart er mange hjortejegerar ute i skog og mark som ikkje har lov til å skyte ulven om dei får den på skothald. Det gjer det og vanskeleg å forstå kva regjeringa sikta til når dei under årets jordbruksoppgjer m.a. gav tydelege signal om at bruken av utmarksbeite skal styrkast.

Ikkje rart at husdyrprodusentar som prøver å leve av produsjon av pinnekjøtt, lammelår, fårikål mv. til deg og meg, kan få søvnlause netter. Det kan hende dei vil tenke seg om eit par gonger ekstra før dei vel å investere i oppgradering av garden eller å vidareføre drifta etter generasjonsskifte – eller at nokon misser motet og legg ned gardsdrifta.

I lys av at styresmaktene til no ikkje har vist seg å være i stand til å felle ulven, er det på høg tid at nokon set seg rundt bordet for å vurdere om det er andre måtar å styrke gjennomføringsevna når det gjeld uttak av skadedyr som denne ulven. Om ein ikkje lukkast med det er stortingets rovviltforlik lite verd for oss i Sogn og Fjordane.

Til slutt vil eg minne om at Norge i mange år - mot betre viten - har auka si avhengigheit av importerte matvarer. Covid-19, som er eit av fleire trugsmål mot import av matvarer, har på ein uhyggjeleg måte minna oss om at norsk landbruk har ein svært viktig nasjonal samfunnsfunksjon. Også difor er det så viktig å få rydda opp i ulvesaka i Ytre Sogn og Sunnfjord.