Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. desember 2019
Ytre Sogn 14. desember 2019

Ingunn Eikås (t.h.) fortel om ei trist stemning på den vidaregåande skulen i Høyanger i etterdag, etter å ha fått vite at dei no mister frisørlinja. Her er ho ilag med lærarkollega Kristin Viksøy Sande og tillitsval Dan Longfellow.

Frisørlinja i Høyanger blir lagt ned

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 2. desember 2019

– Det er kjempetrist, både for skulen, lokalsamfunnet og for oss som jobbar der, seier Ingunn Eikås til Ytre Sogn.

I ettermiddag fekk ho beskjeden om at frisørlinja ved Høyanger vidaregåande skule, som ho har vore lærar på i 24 år, blir flytta. Det vedtok fylkestinget i nye Vestland. Frå neste skuleår er det Eid vidaregåande skule på Nordfjordeid som vil ha den fylkesdekkjande linja, som har vore i Høyanger sidan 1970-talet .

– Sjølv om vi håpa i det lengste på å få behalde den, var det ikkje overraskande at det vart slik, med omlegginga som kjem i yrkesfag. Begge dei to vg1-kursa er lagt til Eid, og då ville dei også ha vg2-kurset der. Skulen på Nordfjordeid har også kjempa lenge for å få denne linja. Ja, heilt sidan vg1 design og handtverk var flytta frå Høyanger og opp dit tilbake i 2013, seier Ingunn Eikås til Ytre Sogn.

Ho fortel om ei trist stemning på skulen no i ettermiddag. Sjølv fekk ho vite det av rektor Torill Thorbjørnsen.

– Eg fortalde det til elevane etterpå, og dei vart også veldig lei seg, seier Eikås, som er ein av to lærarar på frisørlinja.

Sjølv er ho usikker på kva ho no skal gjere. Det einaste ho veit er at ho skal vere lærar ved linja i Høyanger ut skuleåret, det vil seie juni neste år.

– Det blir starta ein prosess no der ein vil sjå kva ein gjer med dei som vert overtallige. Det byrjar med møte med rektor og avdelingsleiarar i morgon. Men kva som kjem ut av det er vanskeleg å seie. No blir det jo berre ei slik linje i fylket, og den blir på Nordfjordeid. Om vi får tilbod om å byrje der veit eg heller ikkje. Det betyr i så fall at ein må flytte, og det er eg usikker på om eg vil. Aller helst vil eg halde fram med å bu i Høyanger, seier Eikås.


⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord