Lokale nyhende frå Ytre Sogn 17. august 2018
Ytre Sogn 17. august 2018

Om ikkje lenge er Wenche Liljedal, Even Solheim, Malvin Johan Rysjedal og Dan Mikal Ripe Frøystad frå countrybandet Fri Flyt klare med tredje plata si. (Pressefoto)

Fri Flyt tolkar Cato Sanden

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 23. mai 2018

Fri Flyt tolkar ein av låtane til den store, norske countryartisten Cato Sanden på den nye EP,en sin. Det sørga låtskrivaren hans for.

– På eit av speleoppdraga våre i Bergen kom vi i prat med Michael John Smith, ein dyktig tekstforfattar frå Manchester i England, som skreiv ein stor del av Cato Sanden sine låtar, fortel Wenche Liljedal i countrybandet frå Lavik til Ytre Sogn.

På nynorsk

Cato Sanden var å rekne som ein av pionerane innan norsk countrymusikk, og mottok fleire gull- og sølvplater og Spelemannsprisar før han døydde brått og uventa i 2005.

– Michael John Smith har no har vore busett i Noreg i mange år, og han meinte at fleire av låtane han hadde skrive for Sanden passa til måten vi spelte country på. Han spurde difor om vi ville tolke låten hans «Down Here», som er ein hyllest til arbeidarane og deira levekår ved vestlandskysten. Vi har imidlertid skrive den om til nynorsk og gitt den tittelen «Svunnen Tid».

Ho fortel at dei vanlegvis skriv både tekst og melodi sjølve.

– Dette er første gong vi gjer nokon andre sin låt på ei plate. Men for oss er det ei stor ære å få gjengi Sanden og Smith sin låt, og vi håpar vi har fått det til på ein brukbar måte, seier Liljedal.

– Han som har skrive den er i alle fall nøgd, legg ho til.

Låta er også å finne på den nye EP’en til Fri Flyt som kjem no i mai, og som også har fått tittelen «Svunnen tid».

Tredje plata

Den består av seks låtar, og vil bli gitt ut digitalt på ulke streamingtenester.

– Etter eit innhaldsrikt speleår i fjor, med mange oppdrag på kjende og ukjende trakter, har vi brukt vintermånadane til blant anna å spele inn to musikkvideoar. Den eine er allereie gitt ut og har fått veldig god respons frå publikum.

Ho fortel at videoen «Charterbesta» handlar om ei sydenfarande bestemor som likar varmare strok og det gode liv.

– Kanskje det er den lange vinteren som har gitt inspirasjon til nettopp denne låten? seier ho og ler.

Den andre videoen, «Tørst av din song» kjem i samband med utgjevinga av EP’en.

– Det blir to heilt ulike videoar, der vi går frå eine ytterkanten til den andre. At ein har plass for ulike stilartar, både tekstmessig og musikalsk, gjer det ekstra kjekt å lage ny musikk, seier Liljedal.

Fri Flyt har gitt ut to plater tidlegare, «I kulissar av natt» i 2015 og «Neste post» i 2016.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord