Fråstole treningsutstyr for 25 000 kr


Utstyr for rundt 25 000 kroner er vekke frå Lavik Idrettslag sine treningslokale i gamleskulen.

Etter at Trivselskjellaren - som er treningsrommet til Lavik Idrettslag - vart stengd i samband med koronakrisa, var planen til leiar Lars Anders Af Geijerstam å tilby medlemmane å låne treningsutstyr til heimebruk. Men då han etter tre veker på arbeid var innom for å sjå over utstyret var ein god del av dette forsvunne.

 Ein reknar difor med at tjuveriet har skjedd i tidsrommet 11.mars-1.april.



-Då eg kom dit var koppen over vridaren til den alternative inngangen vekke, og døra ulåst, og då eg kom inn rommet såg eg at stenger og nesten alt vektløftarutstyr vi har var borte. Det er utstyret som er mest mest populært, og har ein verdi på om lag 25 000 kroner, seier han til Ytre Sogn.



Han fortel at vekta på alt saman er på rundt 350 kilo.



- Så ein lurer jo på kva slags bil som er blitt brukt for å få dette med seg,


Meldt til politi

Treningsrommet som idrettslaget starta i 2002 ligg i kjellaren i den gamle skulen i bygda, og har rundt 80 medlemmar som har eigen nøkkel. Det er ikkje teikn til innbrot, men ein kan sjå at naudutgangen er brukt. 



-Men det finst også andre mogelegheiter å ta seg inn på, noko som truleg er forklaringa her. Sett bort frå boksen som er fjerna er det ikkje synlege teikn på innbrot, seier Af Geijerstam.



Mykje av utstyret står igjen, og han tenkjer difor at dette ikkje er gjort av tilreisande, men av nokon som kjenner til bygget. Han trur imidlertid ikkje det er gjort av medlemmer.



- Tjuveriet er no meldt til politiet, men viss ingen har sett noko eller melder seg, så tviler eg på at det blir noko oppklaring, seier han.

UTSTYR SOM ER VEKKE:
2 x 220cm olympiske vektstenger, for 50mm skivehol
1 x curlstang, for 50mm skivehol
4 x 20 kg blå vektskiver
4 x 15 kg gule vektskiver
4 x 10 kg svarte vektskiver
4 x 5kg raude vektskiver
Alle av merket Cassal Sweden
. I tillegg er dette vekke:
2 x 16 kg gule kettlebells
1 x 24 kg grøn kettlebell
1 x 28 kg oransje kettlebell
Alle av merket Sportsmaster