Frå vondt til verre for Høyang


Høyang er i ei blindgate. Dei taper jamne kampar. Mot Fjøra2/SIL3 burde det ha blitt poeng igjen, i staden kom det tredje tapet på rad.

Kampen mellom Fjøra2/Sogndal3 vart prega av ein stygg skade på Høyang - spelar Eirik Blikken Haukøy. Etter ein brutal duell måtte kampen stoppast i 25 minutt for førstehjelp og ambulanse. Albogen var ute av ledd og smertene store. Etter litt om og men fekk legane armen på plass i løpet av natta. Med ei nerve i klem mista Eirik kjenlsa i fingrane den første tida etter at armen var på plass att og no må han belage seg på gips og fatle iallfall i 6 veker.

Høyang hadde gløymd dei kvite bortedraktene og måtte låne drakter frå Sogndal. Bortelaget kom dårleg i gang i Sognehallen. Dei oppførte seg som snille gjestar som let vertskapet styre og stelle utan å blande seg for mykje inn. Ein stod med huva i handa – for lenge.

Etter 14 minutt fekk heimelaget corner. Ballen vart slått inn i feltet, returen gjekk ut på bana til ein Fjøra/SIL spelar som sendte den hardt inn att i feltet. Der dukka Johan Dybvik Hegland opp og putta ballen i mål.

To minutt seinare hadde keeper Andreas Horvei full kontroll og skulle berre skyte ballen ut. Han førte ballen altfor lenge og til slutt vart han takla av Håvard Håland. Liggjande på kunstgraset såg han at Håvard trillar ballen roleg i mål til 2-0. Stygg keepertabbe!

Kanonskot

Tommy Værøy fekk draumetreff frå om lag 26 meter og ballen suste inn i mål utan sjanse for målvakta til Fjøra2/SIL3. Reduseringa gjorde til at Høyang fekk trua tilbake og vi fekk ein stigning i spelet ut omgangen. Gutane takla betre og vart ikkje sist på ”andre ballen” heile tida. Luis Maureira gjekk i bresjen og tok i når han gjekk i duell og kaptein Sander Olsen fekk styrt laget betre frå midtforsvaret.

Les meir i papirutgåva!