Frå Vadheim IL til AC Milan


- Nokre vil seie at det var litt galskap å reise til ein klubb og ein liga utan å ha særleg kjennskap til den. Men eg har ikkje angra i det heile, seier Stine Hovland.

Difor håpar også 28-åringen frå Vadheim at utanlandsopphaldet blir lenger enn kontrakten ho no har med AC Milan.

Det var i slutten av juli at ho sette kursen for Nord-Italia, etter å ha inngått eittårskontrakt med klubbgiganten AC Milan, om spel på det nyetablerte kvinnelaget deira i Serie A. Og etter halvspelt sesong konstaterer Stine Hovland at ho valde rett. Laget er no på 4.plass, men har ein kamp minde spelt enn dei andre laga, og har difor moglegheit til å innta 2.plassen, bak Juventus.
Klubben sitt herrelag slit noko meir.

- Så no ventar vi berre på Zlatan, ler Stine, tilbake i heimbygda for første gong sidan ho flytta utanlands, til julefeiring med familien.

Sjølv har ho starta alle kampane for laget, som ifølgje ho sjølv spelar ein langt meir ballbesitjande fotball enn ho har vore vand med. Fire mål har det også blitt.

- Men eg skal ha nokre fleire no etter jul, seier ho.

- Ja, korleis har møtet med Serie A vore?

- Ligaen held eit bra nivå, og det vil bli endå betre med satsinga til AC Milan og andre klubbar, som Juventus, Roma og Fiorentina. Ja, mange trur at den vil vere mellom dei beste om ikkje lenge, saman med dei i England, Frankrike og Spania. Den har verkelg fått eit «boost» etter sommarens VM, svarar Stine.

Les meir i neste utgåve av Ytre Sogn!