Frå Skjolden til Galdhøpiggen


Med prosjektnamnet «From Sea to Summit» har fire vaksne, seks born og ein hund brukt delar av sommarferien til å ta seg frå fjordnivå i Skjolden, til toppen av Galdhøpiggen på 2469 meter.

Dei fire siste åra har dei to familiane Drage/Skreien og Hop/Torvund utfordra kvarandre med ulike mål for sommarferien. I 2015 vart det sykkelferie i England, i 2016 vart det vandring i Jotunheimen, i 2017 padla dei i Sverige og i år toppa dei det ved å gjere alt dette i  ein og same ferie. For denne sommaren var det familien Drage/Skreien som hadde regien, og dei var ikkje snauare enn at dei la løypa heilt frå Sognefjorden til fastlandsNorges, Skandinavias og Nord-Europas høgste fjell, Galdhøpiggen, 2469 meter over havet.

Les meir i Ytre Sogn