Lokale nyhende frå Ytre Sogn 26. april 2019
Ytre Sogn 26. april 2019

Tore Bråstad (t.h.) starta Multivolt i 2013 saman med kollega Jan Helge Lekva (t.v.). I dag, fem år seinare, tel bedrifta med hovudkontor i Leirvik 21 tilsette.

Frå 14 til 21 tilsette på eitt år

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 15. januar 2019

Fem år etter oppstarten har Multivolt AS i Leirvik passert 20 tilsette.

– Berre i 2018 fekk vi sju nye tilsette, og det har med å gjere at vi får stadig fleire oppdrag, ikkje berre i Sogn og Fjordane og nabofylka, men over heile landet. Siste tida har vi blant anna hatt prosjekt på Frøya i Trøndelag og Vinstra i Oppland, fortel dagleg leiar Tore Bråstad i Multivolt, til Ytre Sogn.

Dei merkar også at det har blitt enklare å rekruttere til bedrifta etter kvart som den har blitt kjend i marknaden, og fått eit godt omdøme.

– I fjor var det fleire som tok kontakt med oss, utan at vi hadde lyst ut stillingar. Det er vi sjølvsagt nøgde med. Det å få tak i nok kvalifisert arbeidskraft er jo ein av dei store utfordringane i bransjen vi driv i. Ikkje minst når vi rekrutterer lokalt, som er det vi helst ønskjer. Det betyr jo meir stabil arbeidskraft, ettersom sjansen for at dei blir verande er større, seier Bråstad.

Det er framleis i Sogn og Fjordane at bedrifta – som er totalleverandør innan elektro – har mest oppdrag, sjølv om det etter kvart også har blitt ein heil del i Hordaland Det er også bakgrunnen for at dei i fjor valde å etablere ny avdeling i Vidsyn i Sløvåg, i nabokommunen Gulen, som no har sju tilsette. Dei har også avdeling med fire tilsette i Dale i Fjaler, i tillegg til hovudkontoret i Leirvik.

Les meir i siste utgåva av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord