Fotografar satsar nytt i Høyanger


Fotografane Espen Bakketun og Arvid Fimreite ser fram til opninga av Fjordgalleriet i Storgata i Høyanger. Galleriet vil innehalde både salsutstillingar og fotostudio.

Idèen om å opne eit galleri vart sådd i vår. Fimreite og Bakketun vart kjende med kvarandre då sistnemnde flytta til Høyanger i januar. Begge jobbar til dagleg som journalistar i avisa Ytre Sogn, men driv også som fotografar kvar for seg. 

Storgata

Lokala dei skal nytte ligg i Storgata 18, på folkemunne ofte omtala som Cubus-bygget, då det tidlegare var klesforretning der. 

–Vi skal halde fram med å drive som fotografar kvar for oss, men samstundes ønskjer vi å samarbeide for å få til noko. Det er kjekt at vi kan få nytte lokala i Storgata, og skape litt aktivitet her igjen, seier Fimreite og Bakketun til Ytre Sogn. 

Langsiktig

I første omgang har dei leigd lokala ut året, men målet er å kunne få til ei drift på lengre sikt. 

–Det blir spennande å sjå korleis tilbodet blir teke imot. Vi er avhengige av at folk støttar opp om det, så vi er spente på om inntektene blir høge nok til at vi kan halde hjula i gong over lengre tid, seier dei. 

Dei nøyaktige opningstidene er ikkje fastsette, men dei legg opp til å halde ope dei fleste dagane i veka. 

– Det vil bli Silje Fjæren som i all hovudsak vil vere på jobb i lokala i opningstida, då vi er opptekne med arbeidet som journalistar på dagtid. Silje vil ha ei rolle som dagleg leiar i galleriet.

Kunstnarar

Bileta til Bakketun vil vere utstilte i den eine delen, medan Fimreite sine vil vere i ein annan del av lokalet, og bileta vil vere for sal.   

–I tillegg ønskjer vi å tilby utstillingsplass til andre lokale kunstnarar, det kan vere både fotografar og andre biletkunstnarar. Då vil vi ta oss av eventuell marknadsføring og sal for desse, seier Fimreite og Bakketun, og legg til at dei truleg vil ha ei ordning der dei lokale kunstnarane blir presenterte èin eller to om gongen, på eigne veggar i lokala.

Aluminium

Utstillinga er ikkje bygd over noko spesielt tema, men ein del av bileta har naturleg nok motiv frå Høyanger og omland.

–Uansett kva motiv bileta har ønskjer vi å ha ei lokal forankring på det vi stiller ut. Difor er alle bileta våre framstilt på aluminium, seier Fimreite og Bakketun, og viser til Høyanger si industrihistorie som bakgrunnen for dette. Dei legg til at kundar som ønskjer det kan få bileta levert på anna materiale, til dømes lerret. 

I tillegg til galleriet blir det etablert eit fotostudio. 

–Vi ser føre oss å nytte studioet i våre respektive jobbar som fotografar, seier dei og oppsummerer det slik at Fjordgalleriet blir tredelt, med éin utstillingsdel for seg sjølve, éin for andre lokale kunstnarar, og eit fotostudio. 

Kaffikopp

Dei har også laga til nokre sitjeplassar rundt eit par bord, slik at det skal vere høve til å setje seg ned, ta ein kopp kaffi og kanskje lese litt i eit fotomagasin som vil vere lagt på bordet. 

–Vi har lyst til at Fjordgalleriet skal bli ein møtestad, både for fotointeresserte og andre. Det hadde vore kjekt om vi fekk dette til å bli ein stad der folk møtest, og på den måten får endå meir aktivitet i Storgata, seier Bakketun og Fimreite, som dei siste vekene har stått på for å få utstillinga klar til opninga. No kan fotografane invitere til utstilling i nyoppussa lokale.

–Endeleg er vi klare, no er vi spente på korleis galleriet blir teke imot.