Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

Fotballturnering for dei minste

Journalist: Espen Bakketun | Publisert: 7. september 2018

Søndag var det godt over 400 barn i sving på Sletta i Høyanger, i samband med Kongleriket miniputturnering i fotball.

Sjølv om ikkje resultatet vart registrert, stod det ikkje på gleda når det gjaldt å skåra mål!
Turneringa blir arrangert 4-5 gongar i året på ulike banar.
Lag frå fleire plassar i fylket hadde møtt opp på Sletta for å spele fotball.
Alle inntektene frå turneringa går til same føremål og i matboden hadde dei både pølser, kaker og anna.
Sjølv om Høyanger bydde på noko regn under turneringa, la ikkje det nokon dempar på stemninga!
Samarbeidspartnarane betalte ei krone per skåra mål denne dagen. Det betyr at ein talde mål, og ikkje resultat, og at miniputtane skåra for borna i Vietnam.
Når ein skåar mål er det viktig med ei god feiring, noko fleire av spelarane tydeleg hadde øvd på.
Godt over 400 born var i sving under turneringa søndag.
 
Ingenting å seie på innsatsen.
Før kampen helsar spelarane på dei to laga på kvarandre.
Full konsentrasjon på bana!
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord