Forundra over brakkerigg­situasjonen


Hausten 2017 spurte Statkraft Torbjørn Giertsen om løyve til å tilrå arealet hans ved Høyanger Rørleggerforretning som brakkerigglokalitet i si anbodsutlysing. Overaskinga var derfor stor då han kunne lese i Ytre Sogn at brakkene er tenkt plassert på Øvre Dale. – Eg forstår meg eigentleg ikkje på situasjonen i det heile.

Tidlegare har Ytre Sogn omtalt den planlagde brakkeriggen som skal etablerast i Øvre Dale i samband med bygging av tunnel og veg til Eriksdalen, og klagane som har kome frå både nabo og burettslag knytt til plasseringa. Sidan har det kome fleire innspel om alternative lokalitetar og spørsmål til AF-gruppen, som er hovudentreprenør i prosjektet, om val av plassering. Ein av dei som stiller seg undrande til situasjonen er Torbjørn Gjertsen, dagleg leiar i Høyanger Rørleggerforretning, som trudde at han skulle leige ut areal til ein brakkerigg.

– Statkraft ringde meg i fjor haust då dei skulle legge ut anbodet på jobben og spurte meg om dei kunne tilrå mitt område til plassering av brakkeriggen. Dei ba meg reservere området til ein brakkeleir, og eg har ikkje høyrd noko meir etter det, fortel Gjertsen.

Les meir i Ytre Sogn fredag