Fortvilar over at ulv igjen er på ferde i området


– Vi får håpe at den vert teken før dyra våre skal ut på sommarbeite, seier Ove Sørestrand, leiar for Høyanger Nordside Beitelag, etter at det før helga vart gitt fellingsløyve på ulv i kommunane Høyanger, Fjaler og Hyllestad.

– Dei er nett ferdige med lamminga, og skal no sleppe dyra ut på beite. Men når vi veit at sauen den nyleg tok i Åfjorddalen var berre 150 meter frå driftsbygningen, viser det at ikkje ein gong der - på innmark - er dyra trygge for ulven, seier han til Ytre Sogn.

Beitelaget han er leiar for samarbeider tett med det på andre sida av kommunegrensa, og fekk vite om den tragiske hendinga i Åfjorddalen same dag.

– Det er berre nokre kilometer her ifrå, så vi fryktar sjølvsagt at det også kan skje her. I fjor vart det påvist at eit lam vart drepe av ulv i Mølmesdal på Nedre Lavikdal, rett sør for oss. Det same var tilfelle i Guddal i nord. I tillegg var det også fleire andre rett over kommunegrensa til Hyllestad, mot Brendsdal, seier Sørestrand.

Sjølv held han til på eit gardsbruk på Øvre Lavikdal, ved Sørestrandsvatnet, som bror hans driftar, med 55 vinterfôra sauer. No kjem rundt 100 lam i tillegg.

– I området frå Lavikdal og innover til Vadheim er det 20 gardsbruk som driv med sau, så tilsaman snakkar vi nok om rundt1600-1700 dyr som skal ut på beite i sommar.