Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. september 2019
Ytre Sogn 20. september 2019

Berit Flæthe Arntsen frå Lavikdal har vore aktiv omsorgsfrivillig og tillitsvald for Røde Kors sidan slutten på 1990-talet. (Foto: Sogn og Fjordane Røde Kors)

Fortenestemedalje til Berit Flæthe Arntsen

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 31. mars 2019

Berit Flæthe Arntsen frå Lavikdal er tildelt Norges Røde Kors fortenestemedalje for sin langvarige innsats, både i heimkommunen Høyanger og i Sogn og Fjordane.

Ho har vore medlem i Røde Kors i 25 år, og i 20 år hatt fleire tillitsverv.

Lokalt har ho vore leiar og medlem av Lavikdal Røde Kors Barnehjelp i fleire periodar frå 1990-talet og fram til i dag og medlem av lokalforeiningsstyret i Høyanger Røde Kors i fleire periodar. På distriktsnivå har ho leia distriktsråd omsorg og vore medlem i distriktsstyret frå 2011 – 2019.

Ho vart tildelt heidersteiknet på Sogn og Fjordane Røde Kors sitt årsmøte denne helga.


Les meir i neste Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord