Lokale nyhende frå Ytre Sogn 14. desember 2019
Ytre Sogn 14. desember 2019

- Gjert Raae vaks opp i tronge kår på husmannsplassen på Kviane der eg bur i dag, fortalde Marie Løland under lanseringa av «Årbok Høyanger 2019» på Lavik Fjordhotell.

Fortalde historia om gjetarguten Gjert Raae

Journalist: Anne Lene Hansen | Publisert: 23. november 2019

– Gjert Raae vaks opp på husmannsplassen på Kviane, der eg bur i dag. Det var også grunnen til at eg ville finne ut meir om han, seier Marie Løland, ein av bidragsytarane til «Årbok Høyanger 2019».

Om lag 60 personar tok turen til Lavik Fjordhotell for å få med seg lanseringa av Høyanger historielag si årbok fredag kveld. Boka som er den niande i rekkja, og innheld mange gode historiar frå kommunen. 



Ei av dei handlar om gjetarguten og hjulmakaren Gjert Raae frå Lavik som enda opp med å få Kongens fortenestemedalje. Den er skriven av Marie Løland, og ho var sjølv til stades på boklanseringa for å fortelje om han. 



-Gjert Raae frå Lavik kom frå små kår, og vaks opp på husmannsplassen på Kviane der eg bur i dag. Det var også grunnen til at eg ønskte å vite meir om han, seier Løland og fortel om ein veldig engasjert mann med mange jern i elden, og som fekk til veldig mykje. 



– Ja, det er heilt utruleg at han klarte å rekke over alt. I 1964 tok dåverande ordførar i Lavik kommune Einar Lavik affære og meinte det var på tide at Gjert Raae fekk påskjønning for arbeidet sitt, og det resulterte i at han fekk Kongens forteneste medalje i sølv, fortel Løland.

Til Ytre Sogn fortel Jan Anders Timberlid i årboknemnda at han er overvelda over det gode oppmøtet til boklanseringa som altså denne gongen var lagt til Lavik.


Les meir om boklanseringa i neste Ytre Sogn! 


Det musikalske innslaget var med kulturskuleelev Aisha Nudin, som framførte tre fine melodiar på piano.
⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord