Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. september 2020
Ytre Sogn 19. september 2020

Jan Kokkin med den nye boka, som han håpar å kunne presentere i galleriet i Byporten i Høyanger om ikkje altfor lenge.

Første komplette biografien om Gunnar S. er klar


Journalist: May Britt Eide | Publisert: 19. mai 2020

– Boka har vore både spennande og utfordrande å arbeide med, seier forfattar Jan Kokkin til Ytre Sogn. 
Han er no klar med det som er første komplette biografien om Høyanger-kunstnaren Gunnar S. Gundersen.

Boka, som kjem på både norsk og engelsk, har fått tittelen «Gunnar S. Gundersen – en banebrytende etterkrigsmodernist», og tek føre seg han som vart ein av etterkrigstidas mest betydelege norske kunstnarar.



– Eg hadde sett bilete av han, og kjende til produksjonen hans. Men utanom det visste eg ikkje så mykje om han. Så det har vore mykje å setje seg inn i, seier forfattar Jan Kokkin og viser til at produksjonen hans strakk seg over nesten 40 år, og at han i løpet av den tida var innom mange ulike stilartar. 



Fleire gode kjelder

– Samstundes var eg i den heldige situasjonen at mange av dei som kjende han framleis er i live. Det gjeld blant andre den tidlegare ektefellen hans, skodespelaren Marit Bolling, to av døtrene hans, samt tidlegare elevar, kollegaer og vener. Så eg hadde fleire gode kjelder i arbeidet med boka, seier han til Ytre Sogn.

– Frå nokre av dei har eg også fått låne ein del private foto som vert å sjå i boka, saman med bilete av produksjonen hans. 



– Vil gje eit løft

Kommunalsjef Anita Nordheim i Høyanger er blant dei som gler seg over den nye boka, som etter kvart blir lagt ut for sal i Gunnar S. Galleriet i Byporten.

– Eg meiner at den nye biografien vil gje både galleriet og tettstaden eit løft, ved at fleire får lyst til å kome hit og sjå den faste utstillinga av kunsten hans, seier ho til Ytre Sogn.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord