Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. mai 2018
Ytre Sogn 20. mai 2018

Frå Høyanger Ap sitt gruppemøte under tysdagens budsjetthandsaming. F.v. Andro Milde, Petter Srotland, Kristin Sagerøy Råsberg, Frode Merkesvik, Tommy Ølmheim, Michelle Walmann, Tage Grønvold (bak), Anja Pettersen og Solveig Løvik Norevik,

Forprosjekt til løpebane vert framskunda

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 22. desember 2017

Forprosjekt som skal gje løpebane på sentralidrettsanlegget i Høyanger, samt utviding av hallen, vert begge framskunda til 2018.

Det var blant dei få endringane som vart gjort på investeringssida då kommunestyret denen veka handsama budsjett 2018 og økonomiplan 2018-2021. Det var Høyanger Ap som kom med forslaget om å framskunde dei to forprosjekta til neste år. I forslaget til økonomiplan låg begge forprosjekta inne først i 2020.

– Aktivitetsnivået er høgt i Høyanger og vi kan vere glade for at vi har så mange flinke folk som står på og skaper treningsglede og trivsel for innbyggajrane våre. Det er igjen med på å fremje god folkehelse, sa Michelle Walmann (Ap) frå talarstolen i kommuenstyresalen.

Ho peika likevel på nokre utfordringar knytt til anlegget deira, blant anna når det gjeld kapasitet for idrettslag og andre grupper som har trening i Høyangerhallen. Det er ein vanskeleg kabal å få til å gå opp.

Les meir i Ytre Sogn fredag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord