Føreslår Tronvik-Ulvåna som moglegheitsstudie


Høyanger-ordførar Petter Sortland meiner tida er inne for å gjennomføre mindre, punktvise utbetringar på fylkesvegnettet, der ein opnar for å fråvike vegnormalane. Han føreslår Fv 55 Tronvik-Ulvåna som ein moglegheitsstudie.

– Det må gjerne definerast som eit «pilotprosjekt» for å hauste erfaring som ein evaluerer og sidan kan nytte som modell for fleire strekningar med avgrensa trafikk, men med same ønskje som eg har; Å få etablert ein tryggare veg for dei som brukar den, seier ordførar Petter Sortland i Høyanger kommune til Ytre Sogn. Han har no sendt innspel om dette til samferdsleutvalet i Vestland.

- Statens Vegvesen har estimert kostnadene for naudsynte utbetringar på den rundt fire kilometer lange strekninga til 550 millionar kroner, inkludert tre tunnelar på mellom 50 og 100 meter. Èin lang tunnel frå Sutervika til Torvund har også vore oppe, og det er ikkje noko i vegen med det. Men kor tid vil det la seg realisere? spør Sortland, som ved fleire høve har spelt inn at fylkeskommunen må sjå på måten ein planlegg og utbetrar fylkesvegnettet når behovet er «uendeleg» og dei økonomiske rammene er avgrensa.

– RTP opnar for å fråvike vegnormalane om ein finn det hensiktsmessig, påpeiker han.

les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!