Føreslår å auke talet på rusplassar frå 15 til 25


Helse Førde-leiinga meiner at talet på døgnplassar for rusbehandling ved Tronvik bør aukast frå 15 til 25.

Det kan i så fall bety mellom 15 og 20 nye årsverk ved institusjonen på Kyrkjebø.


- Dette er no spelt inn til Helse Vest, i samband med at regional plan for Tverrfagleg spesialisert rusbehandling (TSB) for perioden 2021-2025 er ute på høyring, opplyser Arve Varden, administrerande direktør i Helse Førde, til Ytre Sogn.



Saka vart også informert om då han, styreleiar Agnes Landstad og styremedlem Elin Lysne i Helse Førde nyleg hadde møte om Tronvik med rådmann Kjellaug Brekkhus og ordførar Petter Sortland i Høyanger kommune, etter at sistnemnde hadde bedt om det. Bakgrunnen er uro for kva som vil skje med institusjonen på Kyrkjebø når alt Psykisk helsevern i Helse Førde frå mars neste år vert samla i nytt bygg i Førde.



- Svaret vårt er at vi ikkje har andre planar enn framleis å ha sengeplassar til rusbehandling der, seier Varden. 



Samstundes kjem dei altså med innspel til Helse Vest om å auke talet på plassar frå 15 til 25. 



Høyanger-ordførar Petter Sortland er nøgd med signala han fekk på møtet med leiinga i Helse Førde.



- Så no er det å håpe at dei når fram overfor dei andre helseføretaka i Vestland, seier han til Ytre Sogn.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!