Førebur seg på gjenopning av barnehagar og skular


- Vi vil vere i gang igjen på datoane som no er sett. Det er ingen grunn til å vente, seier kommunalsjef for oppvekst Stig Engen i Høyanger.

I går vart det klart at barnehagar kan gjenopnast frå 20.april og småtrinnet - det vil seie frå 1.-4. klasse - og skulefritidsordninga frå 27.april.
 Det var, ifølgje kommunalsjef for oppvekst Stig Engen, som forventa.



- Det er også tilbakemeldingane eg har fått frå leiarane i barnehagar og skular rundt om i kommunen. Vi såg at dei valde å gjere det same i Danmark rett før, og vi har jo følgd dei når det gjeld desse tiltaka, seier Engen til Ytre Sogn.


Og han er klar på at dei vil gjere som dei får beskjed om.





Får rettleiar

- Vi vil vere i gang igjen på datoane som no er sett. Det vil seie at barnehagane i Høyanger kommune vil opne igjen 20. april og delar av skulane 27.april. Det er ingen grunn til å vente, seier han, og tykkjer det er bra at dei no får nasjonale føringar.



- Rettleiarar er også under utarbeiding for korleis smittevernet då skal ivaretakast.



Han ser føre seg at det kan bli mest utfordrande i barnehagane, ikkje minst dei største.



- Men dette vil tilsette i barnehagar og skular i kommunen bli gitt opplæring i etter påske.



Utfordrande blir det også korleis ein skal leggje best mogleg til rette for dei som er i risikogruppa. Men også det vil rettleiaren gje svar på, understrekar han.



- Elles er vi - med tanke på smittevern - i den heldige stillinga at vi har mange små einingar. Men også i dei største, som til dømes skulen i Høyanger, er det god plass, i og med at det er færre elevar enn før. Så noko positivt er det med det også, legg Engen til.



Er imponert


Dei eldste trinna, det vil seie frå 5. til 10.klasse, får enno ikkje kome tilbake til skulane. Ifølgje Engen var også det forventa.



- Vi kjem til å ha eit spesielt blikk på 10.klassingane og at dei får rett vurdering, i og med at standpunktkarakter no blir teljande.



På spørsmål om korleis desse tre siste vekene har gått, ikkje minst når det gjeld digital opplæring, svarar han at det har gått bra. Ja, endå betre enn forventa.



- Sjølv om det har vore krevjande veker, er eg veldig fornøgd med korleis personalet vårt har snudd seg rundt. Ja, eg er djupt imponert over innsatsen dei har lagt ned, seier han.



- Vi får også betalt for no at Høyanger kommune over fleire år har satsa på digitale verktøy. Det har hjelpt oss veldig i denne tida, seier kommunalsjefen.