Lokale nyhende frå Ytre Sogn 29. februar 2020
Ytre Sogn 29. februar 2020

Korleis eit eventuelt utbrot her i landet vil påverke sjukehusa, er i dag usikkert. Men Folkehelseinstituttet har understreka at det er viktig at spesialisthelsetenesta førebur seg ved å revidere planverk og sjå gjennom utstyrslager.

Følgjer utviklinga med coronaviruset

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 31. januar 2020

Helse Førde følgjer situasjonen rundt coronaviruset tett.

– Vi har gjennomgått aktuelle rutinar og prosedyrar, mellom anna for ambulansetenesta og akuttmottaket. Helseføretaket har detaljerte rutinar for prøvetaking, bruk av verneutstyr og isolat for å hindre smittespreiing, seier fagdirektør Trine Vingsnes i ei pressemelding.

Helsedirektoratet og Folkehelseinstituttet held kontinuerlig dialog med helsetenesta om situasjonen knytt til viruset. I går, torsdag 30. januar, var det framleis ikkje registrert tilfelle av smitte her i landet.

Coronaviruset er eit nytt SARS-liknande virus. Utbrotet starta i den kinesiske millionbyen Wuhan. Det er så langt lite kjent kor alvorleg virussjukdomen er, eller kor lett den smittar, men viruset er ikkje definert som høgrisikosmitte. Viruset smittar via dropesmitte, og at kan gje alt frå milde forkjølelsesliknande symptom til lungebetennelse. Verdens helseorganisasjon erklærte torsdag kveld internasjonal folkehelsekrise som følgje av utbrotet.

– Dersom det er mistanke om smitte i Helse Førde sitt område, vil prøver bli tekne ved eitt av sjukehusa. Prøvene vil deretter bli sende til Folkehelseinstituttet for analyse. Forventa svartid er eitt til to døgn, seier Vingsnes.

Gå gjennom tiltak

Korleis eit eventuelt utbrot her i landet vil påverke sjukehusa, er i dag usikkert. Men Folkehelseinstituttet har understreka at det er viktig at spesialisthelsetenesta førebur seg ved å revidere planverk og sjå gjennom utstyrslager.

Tilsette som er i kontakt med pasientar der det er mistanke om coronavirus, skal bruke verneutstyr som andedrettsvern, smittefrakk og hanskar.

– Vi ser ikkje på situasjonen som dramatisk førebels, men vi vil samle beredskapsleiinga i Helse Førdefor å få orientering om situasjonen og gå gjennom tiltaka som er sette i verk, seier beredskapssjef Terje Olav Øen.

Folkehelseinstituttet har publisert retningsliner for mottak, undersøking og varsling for slike pasientar. Nett no gjeld det pasientar som dei siste 14 dagane har vore i Wuhan i Kina, og som har symptom på luftvegsinfeksjon.

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord