Følgjer bygginga av «Draumehuset»


I den nye tv-serien «Draumehuset» følgjer Frode Søreide seks norske familiar frå byggeprosessen startar, til draumehuset står ferdig.

Domehuset til Sandra Karoline Eilertsen og Ole-Martin Borgan ligg vakkert til på Sandhornøya. (Foto: Siv Helberg/NRK) Domehuset til Sandra Karoline Eilertsen og Ole-Martin Borgan ligg vakkert til på Sandhornøya. (Foto: Petter Formo/NRK)

Måndag er det klart for premiere på NRK.

-Det har vore veldig kjekt å få følgje familiane over så lang tid og bli med på den krevjande prosessen det er å bygge eit hus. Alle prosjekta er også veldig unike kvar for seg og fleire av dei har aldri før blitt realisert her i landet. Det er samtidig ikkje så ofte ein får jobbe med eit prosjekt over så lang tid som vi no har gjort, i rundt tre år. Det mest krevjande har vore ettarbeidet og lage ei god historie ut av kvar prosjekt, så akkurat nå er nervane litt høgspenn før premieren, seier Frode Søreide, for mange kjend som programleiar for «Solgt!», også det på NRK.

Første i sitt slag


Men no handlar det om heilt andre hus. Kva skjer når snøen kjem før dei har tett tak? Held budsjettet? Skal dei ha gråfarga eller gullfagra tapet? Flere av husa er heilt spesielle, og nokre av dei vi aldri før sett maken til i Norge.
Det gjeld i høgste grad huset i første episode, når vi reiser vi til Sandhornøya i Nordland. Ole-Martin Borgan og Sandra Eilertsen ønskte seg eit unikt hus som passa til deira livsstil, og gav seg i kast med eit domehus - det første i sitt slag i Norge.
Dei bestilte det som eit byggesett frå USA, og dei uerfarne husbyggarane gav seg i kast med prosjektet med god hjelp av fagfolk og storfamilien. Resultatet blei eit hus med åtte meter takhøgde og ei heilt spesiell atmosfære.

Andre hus i serien

Seinare blir vi også med når Frode Søreide dreg til Bergen og følger bygginga av ein moderne husbåt og eit svevande hus som står på søyler. På Sjoga i Lillehammer blir det reist ei arkitektonisk perle av ei hytte. Og utanfor Oslo vil to familiar, på kvar sin kant av Oslo, bygge eit hus som rommar heile storfamilien.
-«Draumehuset» er eit prosjekt vi har laga samtidig som vi har produsert Solgt, så det har vore mykje reising dei siste to åra. Det kjem ny sesong av «Solgt!» etter at «Draumehuset» er ferdig. Draumehuset er eit veldig krevjande prosjekt, så foreløpig er det ikkje bestem om det blir fleire sesongar av det programmet. Der har nok litt med kva slags mottaking det får ute hjå sjåarane, seier Søreide.