Flytta salongen til Storgata


Etter at ho starta opp salong heime hausten 2015, var det fredag klart for nyopning av Gro-Anita Vagstad Olsen si «Salong Livsglad» i eit større og nyoppussa lokale i Høyanger sentrum.

I det flotte lyse, men samstundes lune lokale med hyller fulle med ymse produkt, hadde både nye og gamle kundar teke turen til nyopninga.
- Kvifor valde du og flytte salongen til sentrum?
- Sidan starten for snart to år sidan har eg fått mange faste kundar, både frå Høyanger, Førde, Gaular og Lavik for å nemne nokre stader. Difor har eg hatt behov for meir plass og armsving enn det eg har heime

I salongen tilbyr Gro-Anita individuell tilpassa behandling for hud og kropp.
-I ein stressande kvardag er det vel godt å bli dulla litt med, seier Gro-Anita

Les meir i Ytre Sogn tysdag.