Fleire søkjer på yrkesfag


– Draumen er å få ein jobb som elektrikar, seier Sølve Andrè Dale, Eirik Sjøtun Måren, Lars Martin Svartemyr og Jonas Randal. Felrie gjer som dei og vel yrkesfag på vidaregåande skule.

Denne veka vart primærsøkjartala til dei vidaregåande skulane i fylket offentleggjort, og dei viser at fleire gjer som dei fire elevane i Høyanger - dei søkjer seg til yrkesfagleg utdanningsprogram. Samanlikn med i fjor er det 52 fleire søkjarar til yrkesfag, medan det er 18 færre til studieførebuande. Blant yrkesfaga som har auke er helse og oppvekst, service og samferdsle - og elektrofag. Det gjeld også Høyanger vidaregåande skule.

– Kvifor valde de elektrofag? – Tanken rundt det å utdanne seg innanfor elektrikaryrke har stort sett vore der, og etter å ha vore på hospitering her og i Førde fekk vi meir interesse for elektrofaget. Det er eit fag med meir praktisk arbeid enn vanleg skule, der vi blant anna lærer å bruke ulike verktøy for å kople opp ting, og det er utruleg kjekt, fortel Sølve Andrè Dale, Eirik Sjøtun Måren, Lars Martin Svartemyr og Jonas Randal, som alle går første året på elektrofag ved Høyanger vidaregåande skule.

Avdelingsleiar for yrkesfag Ståle Walsvik seier til Ytre Sogn at det har vore eit politisk trykk på yrkesfag og satsing på det. Regjeringa har også utnemnt 2018 til yrkesfaga sitt år.

– Så det er kjekt å sjå at vi har gode søkjartal både til elektrofag og teknikk og industriell produksjon, seier han.

Les meir i Ytre Sogn fredag!