Fleire jenter vel læreplass i industrien


– Det har gjerne med at stadig fleire av oss får augo opp for at det også finst spennande jobbar i industrien, seier Yvonne Ullebø og Martine Aasen til Ytre Sogn

I haust tek Hydro Høyanger inn heile åtte lærlingar, som er fleire enn på lenge. Og det som gler verksleiinga spesielt er at det er like mange jenter som gutar

– Vi må nok mange år tilbake sidan vi opplevde det, kanskje så mange som 10 -15 år, seier personalsjef Jonny Manseth.

Han tykkjer det er positivt.

- Det er med på å «mjuke opp» arbeidsmiljøet, som er dominert av menn. Men det er jo ikkje uvanleg i industribedrifter som vår. Per no er vel rundt 88 prosent av dei fast tilsette menn og berre 12 prosent kvinner. Så det er positivt at dei no vert fleire. Det gjer også at praten på pauserommet vert ein annan, som er sunt, seier Manseth, og trur det at stadig fleire kvinner vel å jobbe i industrien har med å gjere at jobbane der har endra seg.

- Dei ser at også industrien kan by på spennande - ofte høgteknologiske - jobbar.

Godt jobbmiljø

Det vert stadfesta av både Yvonne Ullebø frå Kyrkjebø og Martine Aasen frå Høyanger, som byrja som lærlingar no i haust.

- Eg har vore ferievikar på verket dei siste tre åra, og det har vore både spennande og interessant. Det er også eit godt jobbmiljø, og det gjorde at eg ville bli lærling her, sjølv om eg tok studiespesialisering på Høyanger vidaregåande skule. Det betyr at læretida blir noko lenger enn dei som har teke yrkesfag innan eg har fagbrev i produksjonsteknikk. Men det gjer ikkje noko, seier Ullebø.

Martine Aasen, som vil ta same fagbrevet, fortel at også ho har vore ferievikar på verket. Ho tok imidlertid industriteknikk på skulen.

- Eg likar meg godt i Høyanger, og ville gjerne bli her og jobba. Difor søkte eg om å bli lærling. I tillegg til å bli tekne godt i mot, får vi god opplæring og interessante oppgåver.

Lokal tilknyting


Det som også gler verksleiinga, at alle åtte lærlingane som er tekne inn i haust har lokal tilknyting. Fire er frå Høyanger, to frå Kyrkjebø, ein frå Balestrand og ein frå Dale. Det gjer moglegheiten for at dei blir verande etterpå større.

– Det er alltid viktig med eit godt fundament av lokale arbeidstakarar, ikkje minst fordi det gir stabilitet. Difor er vi også nøgde med at det er tilfelle med lærlingane vi no har teke inn, seier fabrikksjef Stian Moe Tangen.