Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. september 2018
Ytre Sogn 24. september 2018

Leiar i handballgruppa til IL Høyang, Svein Olav Aardal, er glad for at dei kan oppretthalde tilbodet med ei treningsgruppe. Han håpar med dette at klubben kan vere tilbake i seriespel om eit år.

Fleire handballag får ikkje spele seriekampar

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 14. september 2018

IL Høyang slit med rekrutteringa, og handballen i bygda blir ikkje som den var sist sesong. Fleire lag spelar nemleg ikkje kampar i serie denne sesongen.

– Det stemmer at vi får mindre aktivitet denne sesongen, seier leiar i handballgruppa, Svein Olav Aardal til Ytre Sogn.
– Aldersgruppa 15 og 16 år vil ikkje spele seriekampar. Dette gjeld både jenter og gutar. Det blir heller ikkje noko seniorhandball kommande sesong. For å kompensere litt for dette har vi oppretta ei treningsgruppe. Denne gruppa starta treningane i førre veke og leiast av Siv Ølmheim og Else Luggenes. Dei skal trene tysdag og torsdag.

Han seier at treningsgruppa er eit viktig grep for å oppretthalde tilbodet i IL Høyang.

Les meir i dagens Ytre Sogn

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord