Fleirbrukshallen i Hyllestad tek form


- Arbeidet med hallen går framover, og til jul skal både tak og veggar etter planen vere kome på plass, seier plan – og utviklingsjef i Hyllestad kommune, Stig Aron Tverberg ,til Ytre Sogn.

Etter at arbeidet med riving, graving og planering på tomta starta opp i april i år, er arbeidet med å få veggar å tak på plass no godt i gang.
– Betongarbeidet vart starta litt på etterskot i sommar, men den tida tok dei inn att, slik at arbeidet med å montere hallen kunne starte som planlagt. No er det veggar og tak som skal på plass, og planen er å ha eit tett bygg til jul, seier Stig Aron Tverberg, plan – og utviklingsjef i Hyllestad kommune, til Ytre Sogn.
I framdriftsplanen for prosjektet vil det vere stopp i arbeidet siste veka i desember, men straks etter nyttår sett dei i gang att med golvstøyping og innreiing.
– Når vi kjem ut i mars/april skal overflatearbeid gjerast, i tillegg til montering av sportsgolv. Sidan vert det prøvedrift i seks månader. Målet er at hallen skal vere det klart til skulestart hausten 2019, fortel han.

Fleire spelemedelsøknadar
-Er det gjort nokon endringar undervegs?
– Vi fekk innspel frå fylkeskommunen at dersom vi gjorde nokre justeringar kunne vi få meir i spelemidlar. Det gjorde at vi fekk tilført fleire funksjonar i bygget, utan ekstra kostnadar. Så innanfor arealet som var til disposisjon i prosjektet har vi fått med klubbhusareal med eit lager som skal vere for lag og organisasjonar, klatrevegg inne i hallen og eit større trening – og styrkerom. Med dette får vi utnytta arealet i bygget godt, noko som er svært positivt, seier han.

Tverberg fortel vidare at det i hallprosjektet også blir jobba med å få inn ein kultursal med teleskopamfi i hallen for ulike kultur arrangement.
– I tillegg har det kome inn ønskje frå skulen om å få eit større uteareal under tak, der vi har sett på ei løysing med eit større overbygg med terrasse oppå, over dei to inngangane framme, i staden for å to separate tak. Kva som blir bestemt i desse sakene er uvisst, sidan dei først skal presenterast i formannskapet.

Stort steg for kommunen
Tverberg seier at skal ein klare å snu nedgangen i folketalet i kommunane må ein tore å satse.
– Ein må prøve å få til noko som gjer at folk ønskjer å bli buande, ikkje minst med tanke på borna som skal vekse opp. Som ein del av kommunen sin samfunnsplan vil fleirbrukshallen i Hyllestad bli ein flott møteplass for store og små, og er eit stort løft for kommunen, meiner han.