Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

Vinnarane vart offentleggjort under fredagens Tempo-seminar i Florø. F.v. Jonny Bjørnset, Helge Dyrrdal, Rune Hjelmeland (alle frå Fjordpanel), Joachim Vie (Norse Feedback) og (Tibber). (Pressefoto)

Fjordpanel kom på 2.plass

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 5. november 2018

– Det betyr jo at det er fleire enn oss har tru på det vi driv med, .seier Rune Hjelmeland, dagleg leiar i Fjordpanel, om 2.plassen i kåringa Årets Gründer 2018 i Sogn og Fjordane.

Det inneber også 60 000 kroner til å vidareutvikle bedrifta, som er eit samarbeid mellom tre selskap med lang fartstid innan skipsindustrien: Fjordesign i Lavik, Ortnevik Tre i Ortnevik og Vestnes Norway i Florø.

– Berre det å bli nominert til prisen er stort. At vi skulle få 2. plass hadde vi ikkje rekna med, seier dagleg leiar Rune Hjelmeland, som mottok premien under Tempo-seminaret i Florø fredag, saman med Helge Dyrrdal og Jonny Bjørnset.

Fjordpanel lagar plater av ikkje brennbart materiale til bruk i innreiing av båtar og skip. Platene er av silikat, eit materiale som har lågare vekt og høgare brannsikkerheit enn det som har eksistert på marknaden til no.

– Fordelen med silikat er at dei kjøler seg ned sjølv. Når du kjem over ein viss temperatur skil dei ut krystallinsk vatn som kjøler dei ned. Så dette er eit produkt som det er veldig spennande å jobbe med, forklarer dagleg leiar Rune Hjelmeland.
– Fjordpanel har bevist at dei har utvikla eit produkt som er etterspurt og som har potensiale til å endre marknaden sin i åra framover. Vi i juryen er imponert over det bedrifta har fått til og planane framover. Vi ønskjer dei lykke til med den vidare satsinga, seier jurymedlem og administrerande direktør Trond Teigene i Sparebanken Sogn og Fjordane.

Les meir i Ytre Sogn tysdag!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord