–Finaste Utkantfestivalen til no


For 12. året på rad vart Utkantfestivalen i Skjerjehamn nok ein gong ein strålande suksess, og med varmegrader som nordmenn sjeldan opplever kunne festivalsjef Viggo Randal beskrive festivalen som den finaste Utkantfestivalen til no.

-Dette har nok vore den aller finaste Utkantfestivalen vi har hatt, seier festivalsjef Viggo Randal til Ytre Sogn etter gjennomført festival.
Han bruker no tida på å rydde etter helgas storsuksess mens han summerer opp opplevingane og tankane frå festivalen.
-Innom på festivalen har det totalt sett vore rundt 12 600 besøkande, noko som er ein oppgang frå i fjor, fortset han og legg til at han er veldig fornøgd med årets publikum og fortel at det ikkje har vore noko trøbbel.

Les meir om Utkantfestivalen i Ytre Sogn tysdag