Finale både i felt og baneskyting


Mathea Yndesdal frå Oppedal/Brekke skyttarlag  kom til finalen på Landsskytarstemne både i felt og på bane.

Mathea skyt i rekruttklassen og hadde 30 treff i innleiande skyting i felt. Med det låg ho på 14. plass. I finalen vart det 11/2 av 12 moglege. Eit knepp ned å siktet og ho hadde vore heilt i toppen.

Mathea enda til slutt på 32. plass. Ho seier til Ytre Sogn at ho var svært godt nøgd med å kome til finalen både i felt og på bane i sitt første landsskytarstemne.

I den same klassen  var også Mathilde Wergeland i finalen. Her fekk ho 11/4, men med ein bom i innleiande skyting vart det 40/4 totalt og ein 44. plass.

Eldre rekrutt

I denne klassen hadde Oppedal/Brekke heile fire skyttarar som hadde  fullt hus i den innleiande skytinga.

Best av skyttarane frå Oppedal/Brekke vart fjorårsvinnaren Christian Hjartholm Solheim med 12/7. Det gav han ein 20. plass.

Sander Virkesdal enda på 12/6 og 32. plass.

Andreas Østerbø og Malin Østerbø fekk begge ein bom og enda på 11/5 som vart ein 58. plass.

Junior

Hanna Solheim hadde  fullt hus og låg på ein 12. plass før finalen. Her vart det to bom, og ho enda på 10/3. Dermed ramla ho litt nedover på resultatlista og enda på ein 53. plass.

Oddlaug Årskaug hadde ein bom innleiande, men i finalen var det feilfriskyting med mange innertreff. 12/8 i finalen gjorde at Oddlaug gjorde ein byks oppover lista til ein flott 13. plass.

Klasse 2

I klasse 2 hadde Steinar Solheim 26 treff frå innleiande. Med det låg han på ein 23. plass før finalen. Steinar leverte ein god finale og skaut seg opp til 18. plass med 9/6.

Klasse 3-5

Både Frode Solheim og Tarjei Oppedal var kvalifisert til finalen. Frode hadde 29 treff innleiande og Tarjei 28.

I finalen sette Tarjei alle skota i figuren og halvparten av dei i innertreffen. Med 12/6 i finalen skaut han seg opp  mange plassar og enda på 49. plass. Det heldt til medalje.

Frode fekk tre bom og ramla litt nedover på resultatlista.