"Festspillene i Bergen" kjem til ytre Sogn!


To av konsertane under «Festspillene» i Bergen» vil i år finne stad i ytre Sogn, nærare bestemt på Skjerjehamn i Gulen.

Det er første gang at festspela kjem til den gamle handelsstaden ytst i Sogn, som tidlegare var eit viktig knutepunkt for fiske, handel og industri.

Fredag 29.mai blir den nordnorske artisten Moddi å sjå og høyre på Pakkhuset i Skjerjehamn. 
Han kan vere vanskeleg å setje i bås, og gjennom musikken kryssar han både sjangre, språk og landegrenser med vakre, melankolske songar. I fjor sommar urframførte han Det nye nord under Varangerfestivalen. Det var startskotet på eit prosjekt som har som mål å skape ein norskspråkleg, slagkraftig visepop av i dag med Nord-Norge som utgangspunkt.



Stykke av Haarklou


Tenor Eirik Johan Grøtvedt og pianist Eirik Haug Stømner held konsert i Villaen i Skjerjehamn søndag 31.mai. Den unge duoen ønskjer å vise fram den vakraste musikken frå den norske romansetradisjonen, men vil også introdusere nokre mindre kjente komponistar som fortener plass på den norske konsertscena. 
Artistane vil blant anna framføre stykke av Sogn og Fjordane sin musikkpersonlegdom og komponist Johannes Haarklou (1847–1925), som hamna litt i skuggen av sine store samtidige.