Lokale nyhende frå Ytre Sogn 19. november 2018
Ytre Sogn 19. november 2018

– Det er så trist at dette skjer no, for det er ikkje ein einaste person der nede på bruket som er skyld i dette. Dei tilsette er heilt fantastiske - og så fleksible, seier Hilmar Lindskog.

Felles skjebne for Hilmar, Arnt og Katrine.

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 1. november 2018

Hilmar Lindskog (62), Arnt Dønnem (55) og Katrine Rørvik (38) deler skjebne og står utan jobb frå nyttår. Alle tre har vore med på dette før, men skilnaden for Lindskog er at det denne gongen også går ut over sonen Ian Lindskog – og hans unge familie.

Ytre Sogn besøkte Hilmar Lindskog heime i sofakroken hans på Dale. Første gong han gjekk inn porten og byrja i arbeid hos felgprodusenten på Fundo var heilt tilbake i 1982. Sidan den gong har han vore med på ein konkurs, ei nedbemanning og no avvikling av Saint Jean Wheels (SJW).
– Eg kallar det min andre heim, seier Lindskog.

Les meir i Ytre Sogn fredag

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord