Fekk overrekt ny, stor TV


Det var stor stemning då Arild Russenes frå Elkjøp Førde – og representant for Elkjøpsfondet – fredag kunne overrekkje ein ny Smart-TV til avdelinga A ved Hyllestad omsorgssenter. Ordførar Morten Askvik var også til stades.

 

Etter at kasserar for Øen helselag Elisabeth Offerdal sendte inn søknad til Elkjøpfondet om ny TV til Hyllestad omsorgssenter var gleda stor då søknaden vert innvilga. Saman med 18 andre lag og organisasjonar som hittil i år har søkt om støtte frå fondet var helselaget ein av dei juryen deira valde å støtte.

Med i tida
– Eg jobbar på sjukeheimen i Dale der dei har tilgang til desse tinga, og oppdaga på den måten fondet. Slike ting som ein smart-TV er veldig kjekt å ha, og noko eg ønskte at dei her på Eikelund også skulle få, så eg sende inn ein søknad som vi var så heldig å få innvilga, fortel Offerdal –Kva betyr det å få ei gåve som dette? –Det betyr at ein får henge med i tida og får lettare tilgang til alt som ligg arkivert, og slepp til dømes å kjøpe dvd\ar som etter kvart blir veldig slitte. I miljøbehandlingsarbeidet så er det kjempeviktig å ha utstyr der ein kan spele musikk, eller sjå på gamle arkivprogram som beburane kan kjenne att. Så er det jo ekstra kjekt for dei som er sportsinteressert å kunne følgje med på ski-VM og heia på dei norske utøvarane, seier Offerdal.

Ekstra gåve
I tillegg til ein 60 tommar Smart-TV, i- pad og bluetooth høgtalarar, hadde Arild Russenes frå Elkjøp Førde med ein lydplanke som ekstra gåve.
– Det er mange ulike lag og organisasjonar rundt om i heile landet som søkjer. Så det er veldig mange i same sjanger som her, som gjerne ikkje har midlane til å kjøpe inn dette sjølve. Det er kjekt å kunne overrekke dette, og samstundes ha med ein ekstra ting – i form av ein lydplanke – som gjer at ein får ei fin TV-oppleving med bilete og lyd, seier han.
Også ordførar Morten Askvik var full av lovord om dei flotte gåvene.
– Eg tykkjer det er veldig kjekt å få vere med på overrekkinga. Det er svært hyggeleg for både bebuarar og tilsette på dementavdelinga her ved Hyllestad omsorgsenter, sa han.