Fekk fire konsertbillettar


Elev ved Høyanger vidaregåande skule Dagny Nesse fekk ei hyggeleg overrasking då ho fekk fire konsertbillettar i premie for sitt innspel til handlinga i ei av Thea Hjelmeland sine nye låtar.

Thea Hjelmeland turnèrer i desse dagar med Den kulturelle skulesekken (DKS). Ho skal spele for over 4000 elevar ved dei vidaregåande skulane i fylket. Torsdag var det Høyanger som stod for tur. Både elevar og lærarar fekk ei flott konsertoppleving i fleire dimensjonar, både instrumentalt og vokalt med den unike artisten og bandet hennar. Thea Hjelmeland frå Førde er ein av dei mest kjende artistane frå Sogn og Fjordane.

Veldig overraska

Under konserten fridde Thea til publikum om å kome med innspel til kva handlinga i ein av dei nye låtane ho no held på å lage skulle vere. Det Thea tykte var det beste kom frå Dagny Nesse som fekk fire konsertbillettar i premie.
-Eg vart veldig overraska over at mitt innspel «vann», og at eg i tillegg fekk billettar i premie, det var utruleg kjekt, seier Dagny til Ytre Sogn.

Les meir om saka i Ytre Sogn tysdag