Lokale nyhende frå Ytre Sogn 17. februar 2020
Ytre Sogn 17. februar 2020

Trude Brosvik representerte fylkespolitikarane då ho vitja Høyanger vidaregåande skule.

Feira Vestland fylkeskommune

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 9. januar 2020

Torsdag 9. januar feira dei vidaregåande skulane starten på Vestland fylkeskommune. Trude Brosvik representerte politikarane på den i Høyanger.

Fellesprogrammet vart streama til skulane, og elevar på alle dei 45 vidaregåande skulane i fylket møttest for fyrste gong til Vestlandsquiz, som dei følgde på storskjemen. Suveren vinnar vart Årdal vidaregåande skule. Programmet inneheldt elles innslag med både fylkesordførar Jon Askeland, fylkesrådmann Rune Haugsdal, nypremiere på musikkvideoen Vestladden og avspeling av fanfaren for Vestland.

Det er 20 000 elevar i dei vidaregåande skulane i det nye fylket og nær 6000 tilsette på skulane, samt tannklinikkane og administrasjonen.

Rektor Torill Thorbjørnsen serverte kake til alle frammøtte.

Les meir om markeringa i Ytre Sogn tysdag

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord