Fartsfylte eksperiment på Barnehagedagen


For å vekke nysgjerrigheit og stimulere undring markerte Kyrkjebø barnehage den årlege Barnehagedagen med naturfageksperiment der blant anna vatn, salt og papirrakettar var medverkande.

Dagen vert brukt til å synleggjere barnehagen sine aktivitetar og mangfold, der leik, læring, danning og omsorg er grunnleggande. Årets slagord var «Eg lurer på...», og med høve til å velje aktivitetar for dagen gjekk Kyrkjebø barnehage for å ha eksperiment på tvers av avdelingane. Borna vart delt inn i grupper og roterte rundt på fire ulike stasjonar - tre innandørs og éin utandørs.
To som tykte det var veldig gøy å vere med på ulike eksperimenter var femåringane Emil Kolsrud og Erle Humlestøl.
– Det er veldig gøy, og eit av eksperimenta gjekk ut på å lage grøne pannekaker. Vi greidde å knekke egg utan å miste skal nedi røra, begge to, sjølv om det var første gong vi prøvde det, fortel dei to ivrig. Det føregjekk inne på kjøkenet, der borna var med og laga pannekakerøre som dei tilsette ulike konditorfargar, og sidan observerte kva som skjer når ein steiker røre med ulik farge.

 

Les meir om markeringa av Barnehagen 2019 på Kyrkjebø og i Høyanger i Ytre Sogn fredag!