Farleg leik på Høyanger skule


Fungerande rektor ved Høyanger skule, Odd Willy Knudsen fortel at ungdomar leikar med liv og helse på skulen om ettermiddagen. Dei klatrar opp takrennene, heng etter ein arm og dinglar med beina høgt over bakken.

–Tilsette ved skulen har fått rapportar frå forbipasserande som har sett våghalsar som klatrar oppover veggen på bygga, og heng utover gesimsar etter berre nevane, seier Odd Willy Knudsen, fungerande rektor ved Høyanger skule, til Ytre Sogn.

Fungerande rektor Odd Willy Knudsen peikar opp på gesimsen og takrenna som ungdomane nyttar for å klatre på skulebygget.

Les meir i Ytre Sogn