Fargerik haustsamba på Kyrkjebø


Laurdag ettermiddag var det latin-amerikansk musikk på Kyrkjebø. Kafékonserten var sett i stand av Kyrkjebø skule- og ungdomskorps med drill.

Bygdefolket møtte opp lenge før konserten og viste med det at dei set pris på slike lyspunkt i haustmørket. Det var ein fargerik gjeng som kom marsjerande og dansande inn med ulike fargar på t-skjortene, medan dei spelte «Samba Brasil».

–Vi inviterer til ei lita vitamininnsprøyting i haustmørket, sa Sonja Aasen Årdal, fungerande styreleiar og aspirantinstruktør/hjelpeinstruktør, som blant anna stod for korpsarrangementet på opningslåta og eitt av nybyrjarstykka, «Blåsarblues».

Les meir om konserten i Ytre Sogn tysdag

https://www.youtube.com/watch?v=1X-Jck0t0bQ&feature=youtu.be