Far og dotter kan hamne i kommunestyret


No kan både far Tage Grønvold (50) og dotter Aasa Fredriksen Grønvold (18) hamne i kommunestyret i Høyanger.
─ Heldigvis er det for same parti, seier dei to og ler.

På lista til nominasjonsmøtet i Høyanger Arbeidarparti er han føreslått på ein 5. plass og ho på ein 8. plass. Inneverande periode har partiet 11 av 21 representantar i kommunestyret.

Tage Grønvold er inne i sin andre periode i kommunestyret, og er leiar i Utval for oppvekst. Det kan med andre ord bli hans tredje periode frå hausten av. For Aasa Fredriksen Grønvold blir det eventuelt den første.

– Var det tilfeldig at de valde same parti? – Det har vel med kva parti vi er mest samde i politikken til, svarar Tage.

Aasa nikkar.

– Ein blir jo sjølvsagt også påverka av foreldra sine når dei er politisk engasjerte. Men i bunn og grunn var det politikken - og då AUF sin - som gjorde at eg valde å engasjere meg, seier ho.

Ho melde seg inn i lokallaget tilbake i 2017, etter at det hadde lege nede i mange år. Året etter, i 2018, vart ho vald til leiar. Ho har også sete i fylkesstyret til AUF.

– Siste året har vi også sete i styret i Høyanger Ap i lag. Så vi er jo vande til å omgåast i politikken, då, seier ho og smiler.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!