Får nytte SIVA-tomta til å lagre skogavfall


– Entreprenøren får lagre avfall frå skogryddinga på SIVA-tomta på Kyrkjebø mot at dei ryddar litt meir skog for å betre utsikten til fjorden og Høyanger, og på den måten hjelper vi kvarandre, seier næringssjef Terje Søreide i Høyanger til Ytre Sogn.

Gjennom Mesta er det entreprenør Gravdal Skog og Hageservice AS som har fått oppdraget med skogsrydding langs fylkesveg 55 mellom Høyanger og Vadheim. Det vert gjort som eit ledd i å betre trafikksikkerheita.

– Dei frakta alt avfall frå hogsten ut til Vadheim og lagra det der, noko som førte til mykje køyring fram og tilbake. Dei ønskte difor å få nytte SIVA-tomta på Kyrkjebø for å redusere dette. Så Høyanger kommune og Høyanger Næringsutvikling fekk til ein avtale med SIVA om å nytte tomta deira, og lagre avfallet der fram til mai. Ved å spare ein god del køyring og logistikk var entreprenøren positiv til å ta vekk litt meir skog enn det som står i kontrakten. Så dette er ei vinn-vinn sak for alle partar, seier næringssjef i Høyanger, Terje Søreide, til Ytre Sogn.

Staden det gjeld er nedsida av vegen mellom Hovdetunnelen og Kvernhaugtunnelen der det framleis står igjen ein del tre og anna vegetasjon.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!