Får 300.000 til å rehabilitere Valhall


–No kjem vi i alle fall i gang med arbeidet, seier Terje Systad i Valhalls venner etter at det er klart at dei får 300.000 kroner i støtte frå Kulturminnefondet.

Det skal gå til å rehabilitere det ærverdige ungdomshuset i Høyanger sentrum.

–Sjølv om arbeidet vil koste langt meir enn det Kulturminnefondet no går inn med, betyr det at vi kjem i gang med noko, anten det blir tak eller vindauge, seier Terje Systad til Ytre Sogn.

Han er leiar for Valhalls venner, ein gjeng med privatpersonar som på slutten av 1990-talet tok på seg å vedlikehalde bygningen som Høyanger ungdomslag fekk bygd i 1921, for å ha som forsamlingshus.

Som Ytre Sogn tidlegare har fortalt søkte dei Kulturminnefondet om å få dekka 450.000 kroner av totalkostnaden på nærmare 650.000 kroner.

– Vi hadde ikkje rekna med å få dekka heile kostanden på 650.000 kroner. Men det er sagt at Kulturminnefondet kan gje støtte på inntil 70 prosent, og difor søkte vi om 450.000 kroner frå dei. Vi håpa sjølvsagt på å få det. Men 300.000 kroner er mykje det også. Det betyr at vi i alle fall kjem i gang med naudsynt arbeid. Så får vi i Valhalls venner no setje oss ned og sjå på korleis vi skaffar oss resten. Det finst også andre vi kan søkje om midlar, påpeikar Systad.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!