Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. august 2018
Ytre Sogn 20. august 2018

Juryen for Draumeplassen 2018 bestod av (f.v.) Roger Eide, André Gåsemyr, Hjørdis Vik og Åge Avedal.

Får 100.000 til å byggje møteplass i Lavikdal

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 8. juni 2018

Bergkrystallen 4H i Lavik er ein av fem vinnarar av årets runde av «Draumeplassen», og får dermed 100.000 kroner og prosjekthjelp til å lage ein naturmøteplass.

Dermed kan dei no setje i gang abeidet med å skape ein lokal naturmøteplass.

– Vi i Bergkrystallen 4H er kjempeglade for støtta frå Draumeplassen! No kan vi sette i gang eit fellesprosjekt med å lage eit grindverksbygg ved lysløypa i Mølmesdal på Lavikdalen. Fellesprosjektet er tenkt som ei oppgåve for medlemene i Bergkrystallen 4H i lag med vaksne Naturmøteplassen skal kunne brukast av folk i alle aldrar og vere funksjonelt og lett å komme til for alle, seier Martine Hagen Hjelmeland (17), leiar i Bergkrystallen 4H.

Dei fire andre vinnarane er Norane Idrettslag i Sogndal, Jomentum Barnekor i Florø, Solstrålen 4H i Angedalen i Førde og Instedalen skianlegg i Naustdal. Dei får alle 100 000 kroner og prosjekthjelp til å lage ein naturmøteplass.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå kultur
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord