Familien brukar fleire dagar på å pynte huset til Halloween


Det tek Karen Elise Ramsli og familien hennar fleire dagar å pynte huset sitt i Einar Ramslis gate til Halloween.

- Men eg tenkjer på Halloween det heile året. «Kva nytt eg skal finne på i år?» spør eg meg sjølv, medan eg leitar etter inspirasjon, gjerne på utanlandske nettsider som omhandler det. Då ser eg om dette er noko vi kan lage sjølv. For det er noko av det eg likar aller best med Halloween, og eg startar gjerne i september. Ja, nokre gonger endå tidlegare, seier Karen Elise Ramsli når vi møter ho på Sæbø i Høyanger denne søndag ettermiddagen.

Nokre figurar er skumlere enn andre…

Då har ho og dottera Ulrikke allereie halde på med å pynte huset nokre dagar, medan mannen Tore har vore på reise. Men no er han tilbake, og då må også han trå til.



- Eg har ikkje noko anna val, seier han og ler, utan at vi heilt veit om vi trur han på akkurat det.



Han er nemleg sterkt involvert, han også, når det skal lagast figurer og anna til hagen, gjerne med effektar som lyd, røyk og lys, for å gjere dei endå skumlare. 


- Eg tenkjer Halloween heile året, seier Karen Elise.

Og det har dei lukkast med. Huset deira har i alle fall blitt noko av ein ttraksjon i Høyanger. Mange kjem eins ærend opp Einar Ramslis gate for å sjå kva familien har funne på dette året. 


Eit anna, nytt tilskot i år er denne heksa, som har fått plass i ei blandemaskin (!).


- Difor tykkjer eg at det er viktig at vi har litt nytt å vise fram kvart år, slik vi også har i år, seier ho.


usfasaden er i år dekorert med auge, nase, munn - og tunge.

Les meir i Ytre Sogn!