Fagforbundet Høyanger med ny fane


- Slik vi har forstått det, har ikkje forbundet hatt fane tidlegare, seier Kaia Katrine Solås og Reidun Taule i Fagforbundet Høyanger. Men no er den på plass

Etter år med planlegging vart det under Fagforbundet Høyanger sitt årsmøte tilbake i januar 2014 vedteke at det skulle avsetjast ein sum til å skaffe seg fane.



400 medlemmar

- Etter at vedtaket vart gjort gjekk det ein del år med diskusjonar, og ulike forslag vart lagt fram til kven som skulle lage den og kva type motiv fana skulle ha. Det vart til slutt Oslo flaggfabrikk, som er ein norsk produsent av flagg, som laga den. Dei hadde laga faner til Fagforbundet tidlegare, seier Kaia Katrine Solås, leiar i Fagforbundet Høyanger, og Reidun Taule, leiar i Seksjon kontor og administrasjon, til Ytre Sogn.

Høyanger Kommunale Foreining vart stifta i 1931, før Fagforbundet Høyanger vart stifta i 2003, og har i dag over 400 medlemmar.



- Slik vi har forstått det så har ikkje dei ikkje hatt fane tidlegare, men det å ha eiga fane er noko dei fleste forbunda har i dag. Dette var noko vi også ønskte oss, slik at vi kan vise oss fram skikkeleg - blant anna på 1. mai - i staden for å gå med flagg og banner som vi har gjort tidlegare, fortel dei.

Lokal fotograf


Forslag til motiv vart diskutert ei stund, der blant anna forslag om dette skulle vere noko som var teikna eller malt av lokale folk var oppe.



-Men vi valde til slutt å bruke eit flott bilete av Høyanger som er teke av den lokale fotografen Arvid Fimreite, seier Solås.



Fana som var ferdig i midten av januar har ein prislapp på 70 000 kroner, og Folkets Hus og Fagforbundet sentralt har vore med og bidrege med 10 000 kroner kvar, noko dei er svært takksame for. 



- På grunna av koronasituasjonen har ikkje den flotte fana blitt innvigd enno, så det er noko vi ser fram til, seier dei to.