Lokale nyhende frå Ytre Sogn 17. juni 2019
Ytre Sogn 17. juni 2019

Even Hovland har vunne serien og cupen med både Molde og Rosenborg. Han var tilbake i trening på Sletta etter 10 år, og besøket inspirerte både spelarar og trenarar i IL Høyang.

Even Hovland kom tilbake til Sletta

Journalist: Arvid Fimreite | Publisert: 11. januar 2019

Even Hovland vart både serie- og Norgesmeister med Rosenborg sist sesong. I samband med ein kort visitt heimom til Vadheim fann han også tid til ei treningsøkt med gamleklubben IL Høyang.

Vêret var ufyseleg torsdag kveld då A-laget skulle ha treningsøkta si på kunstgraset, men 19 spelarar, ein gamal ringrev og to rutinerte trenarar møtte opp då sjølvaste Even Hovland besøkte gamle trakter. Ein spelar stilte i kortbukse, trass i at det regna sidelengs, nemleg hovudpersonen sjølv. På den måten framstod han som ein ekte viking, og inspirerte kvar og ein på Sletta denne kvelden.

Les meir om besøket i tysdagsavisa

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå sport
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord