Lokale nyhende frå Ytre Sogn 24. september 2018
Ytre Sogn 24. september 2018

– Det er ei tillitserklæring å få vere med på dette, seier Eva Fredriksen (biletet) til Ytre Sogn, som er ein av fire lærarar frå Sogn og Fjordane som skal vere med og lage nye læreplanar. Ho arbeider til vanleg på Høyanger vidaregåande skule.

Skal vere med og lage nye læreplanar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 2. juli 2018

Eva Fredriksen frå Høyanger er ein av fire lærarar frå Sogn og Fjordane som skal vere med og lage nye læreplanar.

Hausten 2020 skal norske elevar gå på skulen med nye læreplanar i alle fag. Fire lærarar i frå fylket er med i arbeidet med å utvikle dei nye læreplanane.

– Det er spennande og ei tillitserklæring å få vere med på dette, seier Eva Fredriksen til Ytre Sogn.

Ho er også leiar for læreplangruppa i engelsk, som består av i alt seks personar frå heile landet.

Til vanleg arbeider ho på Høyanger vidaregåande skule, der ho blant anna er seksjonsleiar for engelsk på klassetrinna 8-13. Og nettopp denne erfaringa – med det såkalla 8-13-prosjektet i Høyanger kommune – trur ho var medverkande til ho vart utvald til å vere med og lage dei nye læreplanane.

– Dei gjeld jo både for grunnskule og vidaregåande skule, påpeiker ho.

Les meir i siste utgåve av Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå nyhende
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord