Lokale nyhende frå Ytre Sogn 20. oktober 2020
Ytre Sogn 20. oktober 2020

Tradisjonsrike kraft- og industrisamfunn, som Høyanger (biletet), Årdal, Svelgen, Ålvik, Tyssedal, Odda og Husnes, er blant taparane i rapporten som Statistisk sentralbyrå (SSB) nyleg la fram om folketalsutviklinga fram mot 2050. (Foto: Geir Ove Elveseter)

Etterlyser tiltak for å utvikle industrikommunar

Journalist: May Britt Eide | Publisert: 26. september 2020

Raudt-politikar Terje Kolbotn vil no ha med seg resten av fylkestinget i Vestland på målretta tiltak for å utvikle industrikommunar som Høyanger, Årdal og Odda.

Det gjer han som eit motsvar til spådomane i rapporten Statistisk Sentralbyrå (SSB) nyleg la fram, om kraftig folketalsnedgang i kraft- og industrikommunane fram mot 2050. 



– Sidan kom direktøren ved Distriktssenterett med nedslåande og defensive uttalar i Vestlandsrevyen om at kommunane berre må forsone seg med denne utviklinga, og at dei ikkje må setje seg urealistiske mål om å snu trenden. Dette var rett og slett provoserande å høyre for ein fylkespolitikar som kjem frå eit industrisamfunn. Ho snakka om avvikling, ikkje utvikling, seier han,.

I Vestland gjeld nedgangen mellom anna Høyanger, Årdal, Svelgen, Ålvik, Tyssedal, Odda og Husnes, og Kollbotn brukar tala for Høyanger som døme. Dei viser ein folketalsnedgang på 13 prosent fram mot 2050, frå 4089 innbyggjarar i dag, til 3571 om 30 år.



Han seier at dette er dramatisk for lokalsamfunna som har hatt – og har – ei verdiskaping per innbyggjar heilt i landsstoppen, og har vore ei drivkraft for distrikts- og velferdsbygging i landet. 



– Det gir også sterke negative signal til ungdom som ynskjer å satse på ei framtid i klimavenlege arbeidsplassar i fastlandsindustrien og i distrikta.


- Vi må gjere denne rapporten til skamme, seier han og går inn for at fylkestinget i den komande utviklingsplanen og andre styringsdokument for Vestland må leggje stor vekt på målretta tiltak for å utvikle industrikommunane. 

Det vil han også kome med forslag om i ein interpellasjon på møtet i neste veke.



Les meir i siste Ytre Sogn!

⇐ Til framsida ⇐ Meir frå politikk
Tilbakestill passord
Skriv inn e-postadressa di og få tilsendt eit nytt passord